Ulldorre

Før stillongsen kom på marknaden, var det som oftast ulldorra som varma opp området under beltestaden når det var kaldt i veret. Ulldorre er eit gamalt og godt ord her på nordvestlandet for det ein kan kalle ullunderbukse. Desse varierte i storleik og design, og fanst for begge kjønn. 

To gode venninner på ski ein gang på -30 talet. Emma Bjørke f. 1913 og Marie Aakre f. 1912.

Historia fortel at frå 1890-åra blei bukser langsomt meir vanleg til sportsbruk, men det var først i 1920-1930 åra at bukser for kvinner blei akseptert som ein del av motedrakta, og som fritidsantrekk. Derfor var bukser eit sjeldan syn i Hjørundfjorden. Ikkje før 1960- og 1970-åra kom bukser inn i motebildet for fullt. 

Få unge i dag tenker nok over at det ein gang i historien ikkje var akseptert for kvinner å gå med bukser. 

Vi ønskjer at fleire skal bli kjent med Hjørundfjordstrikk si ulldorre: 

I februar har vi 20% rabatt på ulldorrer! 

Handlar du Mariegenseren får med mønster på Marie ulldorre Tumi heilt gratis!  Det er lett å tenke seg kvifor ulldorra var eit viktig plagg!