Samling: NYHEITER
Litteratur, kunst, strikk og byggeskikk

Når Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun opnar sommersesongen søndag 28. juni, er det med eit heilt spesielt konsept, og markerer samstundes at ringen no er slutta: alle bygningane er restaurerte, tunet er fylt med kunst og strikk, og den immateriell kulturarv står i sentrum for formidlinga.
På opningsdagen blir romanen «Trådar av Marie» presentert av forfattaren, Ole-Ragnar Riise. Han debuterer med dette som romanforfatter. Han har gjennom mange år vore redaktør for årsskriftet til Hjørundfjord sogelag, «Frå Hjørundfjord», og har skrive ei rekkje lokalhistoriske artiklar der. I 2022 kom diktboka «Ord i ein fjord», og no følgjer altså romanen «Trådar av Marie». Ein roman som tek utgangspunkt i livet til Marie (1912–1988) og i gards- og bygdelivet i ei tid med store endringar.
Gjennom romanen blir dei gamle bygningane i Bakketunet fylt med litt av livet som har vore levd der gjennom tidene. Det er ei historie som rører djupt i dei fleste frå ei tid som har vore, og som fortel oss at menneska til alle tider inst inne er dei same uansett kva dei står i. Romanen er også ein hyllest til alle dei som historiebøkene ikkje skriv om, men som har slitt seg ut for at vi er der vi er i dag. Ikkje minst kvinnene, som ofte var dei som heldt trådane samla; mellom folk, mellom generasjonar, mellom fortid og framtid, i arbeid, slit, kjærleik, liv og død. Dei er alle «trådar av Marie».
Det som skjer i Bakketunet denne sommaren er unikt, og kanskje er ringen er slutta. Alle bygningane er restaurerte, familiegarden har fått nytt innhald gjennom Hjørundfjordstrikk og tunet er fylt med ny og gamal kunst. Kunstsamlinga av Anne Mari Akslen frå 1950–60 åra er attende på veggane i den gamle røykstova med tømmer frå 1549. Marita Bett Aakre har laga nye måleri og teikningar som har fått plass i kufjøset, og går i dialog med historier frå romanen. Men det største pustet er romanen «Trådar av Marie», ei forteljing som fargar opplevinga av å vandre i tunet, og gir svar på kvifor bygningane står som dei gjer.
Strikkebutikken som har fått plass i kammerset og i stabburet i Bakketunet er open, og denne søndagen blir Bakketunkofta 2026 lansert. Den er strikka i Rauma Tumi og har korte ermar. Ei praktisk og pen kofte, med mønsterelement inspirert av den gamle arva vevnaden etter hovudpersonen Marie i romanen.
Utstillinga og boklansering blir opna av Ann Kristin Espejord frå Calidris forlag, som gir ut boka, og med song av Eirin Rustlie. I utekjøkkenet kan gjestar i tunet nyte ein porsjon rjømgegraut og sjølvsagt kaffi og sommarlege kaker.
Etter 1. juli blir romanen «Trådar av Marie» å få kjøpt i alle bokhandlarar i landet, men kan kjøpast i Bakketunet allereie på søndag.
Tunet har ope for individuelt besøkande kvar søndag heilt fram til 30. august.

I strikkebutikken i Bakketunet har vi garnpakkar til årets Bakketunkofte. Her kan du velge ut dine eigne fargar frå Rauma Tumi - paletten om du ønsker ein annan fargekombinasjon. Det går også an å strikke designet i Rauma Finull, som har ein endå større fargepalett.
-
Bakketunkofte 2026
Vanlig pris Fra 999,00 NOKVanlig prisSalgspris Fra 999,00 NOK -
Bakketunkofte 2025
Vanlig pris Fra 1.199,00 NOKVanlig prisSalgspris Fra 1.199,00 NOK -
Bakketunkofte 2024
Vanlig pris Fra 1.199,00 NOKVanlig prisSalgspris Fra 1.199,00 NOK -
Bakketunhals
Vanlig pris 899,00 NOKVanlig prisSalgspris 899,00 NOK -
Mariegenser dame
Vanlig pris Fra 999,00 NOKVanlig prisSalgspris Fra 999,00 NOK -
Marie ulldorre i Tumi
Vanlig pris Fra 599,00 NOKVanlig prisSalgspris Fra 599,00 NOK -
Fjorden bikini
Vanlig pris 699,00 NOKVanlig prisSalgspris 699,00 NOK -
Bakketunpuls
Vanlig pris 399,00 NOKVanlig prisSalgspris 399,00 NOK