Samling: BAKKETUNET
Hjørundfjordstrikk AS blei etablert i Bakketunet på Bjørke i 2020. Utgangspunktet for satsinga var å skape eit geografisk strikkedesign for Hjørundfjorden. Eit lokalt produkt, og sjølvsagt strikka i 100% norsk ull.
Sidan vi starta i 2020 har det blitt mange fleire strikkedesign!
PRODUKTKATALOG haust og vinter 2025
Marita Bett Aakre og døtrene driv Bakketunet og Hjørundfjordstrikk. Fiskarbonden med sitt fleirsyssleri er avgjerande då som no for å halde hjula i gang. Drifta av den gamle garden har tatt fått eit nytt innhald: Dyrehaldet er bytta ut med kunst- og kulturformidling. Aakre har fått kulturpris frå Ørsta kommune og Formidlarstipend frå Norsk kulturminnefond for arbeidet ho har lagt ned i det freda gardstunet.
Besøk Bakketunet
Hjørundfjordstrikk har utstilling og strikkebutikk i kammerset og i stabburet, som er ope sommarstid. Vil du besøke oss utan om sesong, opnar vi gjerne strikkebutikken for deg.
Individuelt besøkande
I sommarhalvåret har Bakketunet ope kvar søndagar kl. 12 - 17. Då tek vi imot individuelt besøkande.
Utanom opningstidene er det viktig at du gjer ei avtale om besøk. Tunet er i privat eige, og når vi ikkje har ope brukar vi tida godt til andre ting.
Vil du hente ein garnpakke utanom opningstida, ta kontakt!
Gruppebesøk
For husflidlag eller andre lag og organisasjon som har interesse for kunst, strikk og byggeskikk, er Bakketunet absolutt verdt eit besøk! Ver tidleg ute med å bestille besøk for sommaren 2026. Vi har eigne foredrag om både kunst, strikk og byggeskikk!
Du når oss lettast ved å ringe (+47) 91 10 88 46 eller skrive e-post til maritabett@hjorundfjordstrikk.no
Bilete frå Makeløs sin catwalk i Bakketunet 2020.
Hjørundfjordstrikk har kontor og lager på Bjørke. Nettbutikk kombinert med drift av Bakketunet gir sysselsetting for fleire. Sverre Fehn har teikna disken som garnpakkane blir pakka på, og frå bygda inst i Hjørundfjorden bli dei sendt vidare ut i verda. Alle designa frå Hjørundfjordstrikk er inspirert av natur eller kulturarv frå fjorden.
Om Bakketunet
Bakketunet på Bjørke ligg eit stykke opp frå sjøen på Åkre. Kanskje stammar namnet frå at folket på Åkersgardane i si tid hadde tuna sine nede ved sjøen der Ner-Åkre i dag ligg. Jorda på Åkre er god og dei beste teigane hadde Åkersfolket her oppe. Staden ligg solrikt til og i le frå dei sterke vindane som tek godt elles i bygda. Denne kombinasjonen av feit og god matjord og godt klima gav moglegheiter for åkerbruk og gode avlingar. Etter kvart vart husa på ein av gardane på Ner-Åkre flytta hit og slik oppstod Bakkegarden for fleire hundre år sida. Husa står framleis slik og vitnar om generasjonar av bønder si nøysemd og sans for estetikk. Samstundes er nye hus komne til. I fjøsen der små gråkoller ein gong hadde tilhald kan du no sjå verk av anerkjende kunstnarar på veggane og i den gamle røykstova vert du boden på heimebaka kaker.
Bakketunet er ein organisk stad. Drifta er i stadig utvikling, samstundes som det som skjer der er fundert i garden si sjel og i samspel med naturen i kring.
Den gamle garden består forutanom kufjøsen og røykstova av ei grindløde som seiast å vere den eldste i landet, sauefjøsen, stabburet og våpenskjul.
Det er mange år sidan det var husdyr i driftsbygningane i Bakkegarden. Dei gamle driftsbygningane er slik dei var mange stader på Sunnmøre i gamle dagar. Fôret vart oppbevart i den gamle grindløda, medan dei ulike husdyrslaga var i kvar sine hus. Dette letta nok oppføringa av bygga, men gjorde arbeidsdagen meir krevjande for dei som hadde det daglege ansvaret for hus og dyr. Løda har grindkonstruksjon medan kufjøsen og sauefjøsen er bygd i lafteteknikk.
Dagens drivar av Bakketunet, Marita Bett Aakre, har vakse opp her i tunet og legg vekt på at drifta skal vere basert på Bakketunet sin eigenart. Ho har stor respekt og audmjukheit for forfedrane sitt livsverk, noko som gjennomsyrar tunet i dag. Det at moderne kunst møter tradisjonsrike omgjevnader er ikkje gjeve å verte ein suksess, men i Bakketunet vert dette møtet utforma slik at du dei ulike tidsepokane framhevar kvarandre og skaper interessante kontrastar som gjev dei besøkande stadig nye opplevingar samstundes som ein også finn roa på ein benk i den gamle rosehagen under Bjørkehornet, med heimebaka kaker og kaffi frå kafeen.