Collectie: Vassendgenseren

Designet er laga etter ein idé av Nicolaj Brekke, som har integrert fleire referansar frå bandet sitt univers. Ernst Brune sin karakteristiske cowboyhatt er med som dekor-element, medan XO-borda på bol og ermar viser til tittelen på det platina-seljande albumet frå 2008. Genseren kjem som både dame- og herremodell, og er inspirert av den klassiske islenderen.
– Vi ønska oss ein typisk "arbeidskargenser". Dei tre stripene på erma og vrangborda markerer dei tre tiåra med Vassendgutane, forklarer Hjørundfjordstrikk. 

Genseren kombinerer lokal kultur, design og materialval som gir eit funksjonelt og varig plagg.