Hjørundfjordstrikk
Vassendgenseren Dame
Vassendgenseren Dame
Kan beschikbaarheid voor afhalen niet laden
Hjørundfjordstrikk har inngått eit offisielt samarbeid med festcountry-kongane i Vassendgutane for å skape ein unik genser for både arbeid og fest.
I år markerer Vassendgutane 30 år med festcountry, og kva passar vel betre enn å feire jubilanten med eit eige plagg? Etter månader med designutvikling er det no klart at «Vassendgenseren» blir ein realitet. Genseren vert strikka i 100 % norsk ull frå Rauma Garn, og er eit lokalt produkt frå Møre og Romsdal.
DESIGN
Nicolaj Blindheim Brekke
GARN
Rauma Garn Finull, 100% norsk ull, 50 g = ca. 175 m Rauma Garn Alpaca Silk, 25 g = 200 m Heile genseren vert strikka med to trådar: ein Finull og ein Alpaca Silk.
STORLEIKAR
XS (S) M (L) XL
MÅL
Overvidde: 87 (98) 109 (116) 127 cm
Heil lengde: ca. 53 (54) 55 (56) 57 cm
Ermlengde: 52 (53) 54 (54) 55 cm
Ermhol: 20 cm i str XS, 24 cm i str S - L, 27 cm str XL
MÅL ALLTID FØR DU STRIKKAR
Det er få ting som er meir demotiverande enn å ha brukt mange timar på eit fint strikkeprosjekt i eit nydelig garn, for så å oppdage at plagget ikkje passar.
Storleik i oppskrifter og vanlege klesstorleikar stemmer ikkje alltid overeins. Du kan difor ikkje rekne med at storleiken du vanlegvis kjøper i butikk også passar når du strikkar sjølv. Difor er det viktig å måle først!
Dine kroppsmål og strikkefastheit er det tryggaste utgangspunktet. Mål deg alltid og sjekk strikkefastheita (maskar per 10 cm) før du startar, og samanlikn med måla og instruksjonane i oppskrifta — sjølv om du har strikka mykje tidlegare.
Vassendgenseren dame er ein genser du lett kan tilpasse til dine mål, og bestemme sjølv om du ønsker den kroppsnær eller oversized. Genseren strikkar du på pinne 4 og 4,5.
Modellane våre Erika og Pia er begge XS-S.
Svart Vassendgenser er str XS
Grøn Vassendgenser er str XS
Dei to rosa Vassendgenserane er str S og M
Blå Vassendgenser er str L
Deel
