Haust i bruntonar

Haust i bruntonar



Denne hausten ønskjer vi bruntonane velkomne i Hjørundfjordstrikk – og lanserer ein heilt ny strikkekolleksjon inspirert av Trandal.

Trandalkolleksjonen er utvikla i samarbeid med Christian Gaard Bygdetun. Mønsteret hentar inspirasjon frå vevnaden til oldemor Henninge, og kolleksjonen byr på genserar til barn, dame og unisex – både ferdigstrikka og som garnpakkar for deg som vil strikke sjølv. I kolleksjonen finn du òg ein hals, god å ha når det bles friskt på Trandal.

Vi har også fått nye fargar på kjende favorittar: Bakketunhalsen finst no i lys brunt, og Sæbøgenseren har fått ein ny farge.

Velkomen til ein haust med varme bruntonar og nye strikkeplagg frå Hjørundfjordstrikk!


Tilbake til bloggen