Hjørundfjordstrikk
Trandalgenser Herre/Unisex
Trandalgenser Herre/Unisex
Kan beschikbaarheid voor afhalen niet laden
Eit mønster med røter i Trandal
Trandal ligg på solsida av den storslåtte Hjørundfjorden. Gjennom dei siste tiåra har den vesle bygda utvikla seg frå ei veglaus jordbruksbygd til ein særmerkt destinasjon for musikk, natur og gode opplevingar.
Historia til Christian Gaard Bygdetun er ein viktig del av denne utviklinga. Frank Storeide og kona Toril byrja å byggje opp garden i 1999, og gjorde han til ein levande møtestad med servering, overnatting og arrangement. I dag er det borna Lenita og Daniel som driv Christian Gaard vidare.
Musikken har òg gjort Trandal kjend langt utanfor bygda. Her finn du festivalane Trandalrock, Trandalblues og Trandal Countryfestival – med fjorden, dei bratte fjella og den kjende reia som ei heilt særmerkt ramme.
Inspirert av oldemor Henninge
Mønsteret er designa av Hjørundfjordstrikk ved Marita Bett Aakre. Inspirasjonen kjem frå ein vevnad som heng i gamlestova på Christian Gaard. Han vart laga av Henninge Karoline Andersdatter Haukås (1890–1975), oldemor til dagens drivarar, Lenita og Daniel.
Lenita Beate Storeide har valt fargane, og denne fargevarianten har fått namnet Country.
DESIGN
Hjørundfjordstrikk AS v/ Marita Bett Aakre
FARGEVALG
Lenita Beate Storeide
GARN
Rauma Finull 100% norsk ull, 50 g = ca. 175 meter
STORLEIKAR
S – (M) – L – (XL) - XXL
MÅL
Overvidde: 100 – (107) – 115 – (123) - 131 cm
Lengde: Ca. 62 – (64) – 66 – (68) - 70 cm
Lengde undererm: ca 53 – (54) – 55 – (56) - 57 cm
Deel
