Collection: NYHEITER

Hjørundfjordstrikk og Vassendgutane lanserer «Vassendgenseren»

Hjørundfjordstrikk har inngått eit offisielt samarbeid med festcountry-kongane i Vassendgutane for å skape ein unik genser for både arbeid og fest. 

I år markerer Vassendgutane 30 år med festcountry, og kva passar vel betre enn å feire jubilanten med eit eige plagg? Etter månader med designutvikling er det no klart at «Vassendgenseren» blir ein realitet. Genseren vert strikka i 100 % norsk ull frå Rauma Garn, og er eit lokalt produkt frå Møre og Romsdal.

STØRRE ENN EIN STORKONSERT

For Rune Brautaset i Vassendgutane er dette samarbeidet meir enn berre merchandise. Han legg ikkje skjul på at dette betyr mykje for bandet, som alltid har vore stolte ambassadørar for sunnmørsk kultur.

– Dette er faktisk større enn at vi skal spele for 8 000 menneske i Ålesund, seier ein entusiastisk Rune Brautaset. – Ein konsert er over på nokre timar, men ein skikkeleg ullgenser har du resten av livet. Det å sjå fansen i eit plagg som representerer både musikken vår og røtene våre i Hjørundfjorden, er heilt spesielt.

DESIGN MED RØTER I ÅMDALEN

Designet er laga etter ein idé av Nicolaj Brekke, som har integrert fleire referansar frå bandet sitt univers. Ernst Brune sin karakteristiske cowboyhatt er med som dekorelement, medan XO-borda på bol og ermar viser til tittelen på det platina-seljande albumet frå 2006. Genseren kjem som både dame- og herremodell, og er inspirert av den klassiske islenderen. – Vi ønska oss ein typisk "arbeidskargenser". Dei tre stripene på erma og vrangborda markerer dei tre tiåra med Vassendgutane, forklarer Hjørundfjordstrikk. Genseren kombinerer lokal kultur, design og materialval som gir eit funksjonelt og varig plagg.

TRADISJON MØTER FESTCOUNTRY 

Hjørundfjordstrikk har sidan 2020 vore med på å setje Hjørundfjorden på kartet gjennom moderne strikkedesign, og valget av Vassendgutane som samarbeidspartnar var naturleg. Bandet har eit spesielt forhold til Hjørundfjorden, noko dei har dokumentert gjennom både tekst og konsertfilming hos Christian Gaard på Trandal. 

Vassendgenseren blir seld som garnpakke via nettbutikken frå 1. mai kl 10.  


www.hjorundfjordstrikk.no