20% på Bjørkegenseren!
Share
Det nye året byr på mykje spanande, både for Hjørundfjordstrikk, men også i fjorden og kanskje spesielt på Bjørke, der vi har kontor og strikkebutikk i Bakketunet sommarstid.
Straumprodusenten Tussa har store planar i den lisje bygda vår, med blant anna eit nytt kraftverk på skisseblokka. Dette vil ikkje berre bidra til auka energiproduksjon, men gi nytt liv til bygda under anleggsperioden.
Veiret i dag minner oss om kor viktig det er å halde varmen – både med ull og straum. "Bjørkegenseren - ein straum av varme" er strikka i 100% norsk Rauma Finull og mjuk mohair (Plum), for maksimal varme og mjukheit.
Perfekt for dei kalde vintermånadane.
I heile januar gir vi deg 20% rabatt på garnpakken til “Bjørkegenseren - ein straum av varme”, og du kan kle deg i eit design med forankring i natur og kvalitetsull.
