Jule- og nyårshelsing
I år har Hjørundfjordstrikk markert fem år med moderne strikkedesign inspirert av natur og kulturarv frå Hjørundfjorden. Sidan oppstarten har verksemda lansert over 50 design, og har steg for steg arbeidd mot målet om å setje Hjørundfjorden på kartet gjennom nyskapande og tidlaust strikkedesign.
2025 har vore eit særleg viktig år for Hjørundfjordstrikk. Med ein investor med på laget har verksemda no fått produsert dei første ferdigstrikka Hjørundfjordgenserane hos 3D Knitting & Technology i Sykkylven. Resultatet er eit heilnorsk produkt, der heile verdikjeda – frå design til ferdig produkt – er forankra i Møre og Romsdal.
Den 13. september lanserte Hjørundfjordstrikk ein ny og meir brukarvenleg nettstad, samstundes som ein jubileumsmodell av Hjørundfjordgenseren blei tilgjengeleg.
Høgdepunktet i jubileumsåret kom då Kongeskipet Norge segla inn Hjørundfjorden og la til ved Bjørkevika. Under besøket i Bakketunet fekk Hennes Majestet Dronninga sjå arbeidet og produkta bak Hjørundfjordstrikk – ei oppleving som sette eit sterkt preg på jubileumsåret.

Hjørundfjordstrikk ser no framover, og kan avsløre at fleire nye design er under utvikling, med lanseringar planlagde fram mot våren.
Vi er svært takksame for alle som har vore med oss på reisa. Utan kundar, samarbeidspartnarar og støttespelarar hadde det ikkje vore mogleg å halde fram med å utvikle verksemda og skape ny tekstilhistorie frå inst i ein fjord.
Hjørundfjordstrikk ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år 2026!
Vi ser fram til eit nytt og spanande år.
Hjarteleg helsing,
Marita Bett Aakre
Hjørundfjordstrikk
