STRIKK JULEKULE MED HISTORIE
Deel
STRIKK JULEKULE MED HISTORIE
I heile november deler vi inspirasjon til personlege gåver og små strikkeprosjekt som ein rekk å strikke før jul.
Då vi starta Hjørundfjordstrikk i 2020 var det med mål om å setje Hjørundfjorden på kartet gjennom moderne strikkedesign. I dette nyheitsbrevet kan du bli kjent med kvifor Hjørundfjorden fekk tilnamnet Kufjorden og laste ned gratis mønster på Kufjordkula, som er inspirert av den vakre Kufjordkofta.
Kallenamnet ”Kufjorden” kan kome av at rutebåtane frå Meierikaia i Ålesund til Hjørundfjorden oftast hadde fjøsrom. Det kunne då lukte både ku og fjøs om bord i båtane. Men forklaringa ligg nok lenger bak i historia. Hans Strøm skriv i 1762, temmeleg fritt omsett frå dansk: Forutan for høyet som finst i fjella, finst her skjønt gras i sætredalane, som kan sjåast på som den største herligheit, spesielt sidan der finst så mykje gras at der er meir enn nok til å dekke forbruket av gras til kveet i fjorden, men gir enda naboane, spesielt Borgunds innbyggarar høve til å sende buskapen til Hjørundfjorden kvar sommar. Dei hentar dei igjen til hausten, og må betale ei viss gras-leige.