{"product_id":"trandalgenser-barn","title":"Trandalgenser Barn","description":"\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eEit mønster med røter i Trandal\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan\u003eTrandal ligg på solsida av den storslåtte Hjørundfjorden. Gjennom dei siste tiåra har den vesle bygda utvikla seg frå ei veglaus jordbruksbygd til ein særmerkt destinasjon for musikk, natur og gode opplevingar.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan\u003eHistoria til Christian Gaard Bygdetun er ein viktig del av denne utviklinga. Frank Storeide og kona Toril byrja å byggje opp garden i 1999, og gjorde han til ein levande møtestad med servering, overnatting og arrangement. I dag er det borna Lenita og Daniel som driv Christian Gaard vidare.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan\u003eMusikken har òg gjort Trandal kjend langt utanfor bygda. Her finn du festivalane Trandalrock, Trandalblues og Trandal Countryfestival – med fjorden, dei bratte fjella og den kjende reia som ei heilt særmerkt ramme.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003e\u003cbr\u003eInspirert av oldemor Henninge\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan\u003eMønsteret er designa av Hjørundfjordstrikk ved Marita Bett Aakre. Inspirasjonen kjem frå ein vevnad som heng i gamlestova på Christian Gaard. Han vart laga av Henninge Karoline Andersdatter Haukås (1890–1975), oldemor til dagens drivarar, Lenita og Daniel.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan\u003eLenita Beate Storeide har valt fargane, og denne fargevarianten har fått namnet Country.\u003cbr\u003e\u003c\/span\u003e\u003cbr\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp style=\"text-align: left;\"\u003e\u003cspan\u003e\u003cmeta charset=\"UTF-8\"\u003eDESIGN\u003cbr\u003eHjørundfjordstrikk v\/ Marita Bett Aakre\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eGARN\u003cbr\u003eRauma Tumi, 50 % ull og 50 % alpakka = ca. 130 m\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eSTORLEIK\u003cbr\u003e1-2 år - 4 år - 6 år - 8 år - 10 år - 12 år\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eMÅL\u003cbr\u003eOvervidde: 59 - 65 - 70 - 75 – 81 - 86 cm\u003cbr\u003eLengde: 36 - 41 - 43 - 47 - 51 - 55 cm\u003cbr\u003eLengde underarm: ca. 20 - 26 - 32 - 35 - 40 - 46 cm\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp style=\"text-align: left;\"\u003e\u003cstrong\u003eEkstra: Mønster til hals er med! \u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Hjørundfjordstrikk","offers":[{"title":"1-2 år","offer_id":50732217827568,"sku":null,"price":599.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"4 år","offer_id":50732389859568,"sku":null,"price":689.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"6 år","offer_id":50732389892336,"sku":null,"price":689.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"8 år","offer_id":50732389925104,"sku":null,"price":869.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"10 år","offer_id":50732389957872,"sku":null,"price":999.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"12 år","offer_id":50732389990640,"sku":null,"price":999.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0772\/6009\/5728\/files\/Ivonneogbaby-3.jpg?v=1793278154","url":"https:\/\/www.hjorundfjordstrikk.no\/en\/products\/trandalgenser-barn","provider":"Hjørundfjordstrikk","version":"1.0","type":"link"}